Annonser

Skriv utSkriv ut

Kalvåg


GPS koordinater
Breddegrad: 61.766220968
Lengdegrad: 4.8756980895
Kontakt
Adresse:
6728 Kalvåg

Telefon48140488
E-postmail@fjordkysten.no


Beskrivelse

Fiskeveret Kalvåg ligg heilt ytst i havgapet, med Nordsjøen som nabo i Vest og Stad mot Nord. Øya er omkransa av 700 holmar og skjer, og her kan ein oppleve eit nesten urørd stykkje Norge. I Kalvåg finn ein gjestebryggjer med alle service-fasiliteter. Her er kafé, restaurant, overnatting, og matvarebutikk. Kalvåg har sjøbuer til utleige heile året.

Næringslivet utvikla mellom anna ein tett sjøhusbusetnad på omlag 50 sjøhus rundt hamna. Desse buene har i seinare tid blitt brukt til lager og base for hobby- eller heimefiske. Buene er idag restaurerte og mange blir brukt til utleige for turistar og tilreisande.

"Kvifor reise heilt til Lofoten, når Kalvåg tilbyr det same?"
Frå Kalvåg har ein eit godt utgangspunkt til gode fiskeplassar, og her kan ein delta på arrangerte fisketurar eller reise på eiga hand.

I Lisetbua var det tidelegare m.a. sildesalteri, bøkkerverkstad, snikkarverkstad, trandamperi og base for fiskeri. I dag er reiskap og utstyr plasserte slik at det ser ut som det er berre er fem minutts pause i arbeidet ein gong tidleg i etterkrigstida. Her kan ein få omvisning på førespurnad. Alb. Vamråk Sildesalteri er restaurert og her kan ein òg få omvising i konservering av fisk og sild.

Etter ein lett fottur opp til Flona, nær sentrum, har ein utsikt utover Frøyskjera - eit naturvernområde med rikt fugleliv. Her finns også ei gamal kanonstilling frå krigen.


Kontaktinformasjon

Fjord Norge AS
Lodin Leppsg. 2b, 5003 Bergen, Norway
Epost: info(at)fjordnorway.com
Blog: blog.fjordnorway.com

Turistinformasjon

De lokale turistinformasjonene kan gi deg god og nyttig informasjon.

Reiseguiden

Fjord Norge sin reiseguide er en komplett oversikt over aktiviteter, destinasjoner og attraksjoner på Vestlandet.

FjordNorge Logo

Våre partnere