Hopp til hovedinnhold

Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt friluftsråd med Askvoll, Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn som medlemskommunar. Friluftsrådet starta opp i 2017 og har hovedkontor, kaibase og lager på Hardbakke/Solund Brygge og kontor på Horne Brygge i Florø. Totalt er det 9 tilsette. Nokre av hovudprosjekta er å drive regionale ryddeprosjekt som Rydd Norge Vestland 2 (Handelens Miljøfond), Skjergardsteneste som opererar langs kysten av gamle Sogn og Fjordane, Rydd Sogn og Fjordane (MARFO/Mildir) og Skuleturnè for Havet (Handelens Miljøfond). Desse prosjekta bidreg til å forebygge, samle og hente inn marint søppel.

Ordtaket til Fjordane Friluftsråd er «Friluftsliv- ein naturleg del av kvardagen for alle». Deira nytilsette Friluftsrådgjevar arbeidar med nettopp dette. Saman med medlemskommunane, knytt til ulike prosjekt, støttar ein opp om friluftslivet langs kysten og at alle skal få moglegheit til å drive friluftsliv. I tillegg har Fjordane Friluftsråd tilsett ein person som arbeider med StikkUt og elektronisk turregistrering som skal bli eit tilbod i alle deira medlemskommunar.

Hovudmålet er at alle skal kunne nytte friluftsliv som ein helsefremjande og miljøvenleg aktivitet. Ein skal trivast med å vere ute i naturen, anten ein nyttar nærområda sine til rekreasjon eller fysisk aktivitet. Saman med medlemskommunane og fylket arbeidar Fjordane Friluftsråd med å planlegge, gjennomføre og organisere tiltak mot marin forsøpling. Dette kan til dømes vere ryddeaksjonar, skulebesøk eller innhenting av gamle båtvrak. I tillegg arbeidar Friluftsrådet med eit mål om å auke deltakinga i friluftslivet, samt utføre tiltak som skal vere med på å nå dette målet. Eit døme på dette kan vere Friluftsskulane for born og unge som dei avheld i Sogn og Fjordane, gjennom heile sommaren.

Men, også vårt nye prosjekt som kombinerer friluftsliv og strandrydding. Det vert også arbeida med ro- og padleleder i medlemskommunane våre, eit arbeid som om eit par år vil gje eit betydeleg løft til denne flotte aktiviteten på kyst og fjordstrøk.

 

Tider

Opningstider heile året utanom heilardagar

Ukedager:
08:00–16:00
Lørdag:
Stengt
Søndag:
Stengt

Kontakt

Adresse:
  • Hardbakke 26
  • 6924
Telefon:
994 87 500
E-post:
bjarte@friluftsrad.no
Nettside:
www.fjordanefr.no/

Hvor er Fjordane Friluftsråd?