Hopp til hovedinnhold
Bestill

Eit eventyr utan like med eit hav av store norske og utanlandske artistar! Her vil du få oppleva elektrisk, magisk, episk og nydeleg god stemning! Tysnesfest er ein familievenleg musikkfestival på idylliske Tysnes ein times tid sør for Bergen. Når ein går av ferja i Våge er ein midt i smørauga av marknadsdagar, konsertar, barne- og undomsfestival, ablegøyer og klovneri. Hovudarena for konserter er ved skulen, ca. 15min å gå frå ferjekaien. Sjekk tysnesfest.no for årets artistar og program.

Korleis komme seg til Tysnes?

Reis med offentleg transport:

Frå Bergen tar du buss 600 til Halhjem ferjekai. Derifrå går ferja over til Våge. Då er du midt i festivalområdet. Det blir også satt opp hurtigbåter. Sjekk ruter og rutetider på tysnesfest.no/reisa/. (P.S. Hurtigbåtane pleier å bli fulle, så bestill billett i god tid.)

Med bil:

Me anbefaler alle å reisa kollektivt, for å holda traffikken i Våge på et minimum. Kjem du uansett med eige bil, følg E39 sørover frå Bergen til Halhjem fergekai og ta ferja over til Våge. Parker på festivalparkering på Windsor. Me anbefaler då å kjøyre tilbake til Bergen via Lukksundbrua og Eikelandsosen.

Overnatting:

Båthavn: Her kan du legge til kai i båthavna midt i sentrum av Våge, like ved fergekaien. Båtplassen kostar 650 kr for heile festivalperioden inkl. kaptein. Overnattingsgjester i båten kostar 500 kr per person (for heile festivalperioden onsdag - sundag). Les meir her: tysnesfest.no/informasjon/

Camping: På Camp Tysnesfest opnar det onsdag i festivalveka. Du må ha festivalpass for å bu på campingen og det går festivalbuss til og fra campingen til festivalområdet. Campingen brukar å vera populær, så bestill i god tid. Les meir her: tysnesfest.no/camping/

Visninger

10. juli:
11. juli:
12. juli:
13. juli:
14. juli:

Kontakt

Adresse:
  • 5680 Tysnes
Telefon:
90528038
E-post:
oystein.vaage@tysnesfest.no
Nettside:
tysnesfest.no

Hvor er Tysnesfest?