Zum Hauptinhalt

NOTHENGJO, vårt nye grindabygg, blir realitet til våren, og me har gleda av å annonsera at sjølvaste VASSENDGUTANE opnar bygget fredag 22. MAI 2026!!!

Når Vassendgutane entrar scena på Olaskjeret, så er det meir enn berre ein konsert – det er ein folkefest! Dette er kvelden der du syng med til «GRANADA», «UNGKAR MED DOBBELSENG» OG «SILIKON I TATTI», dansar med gamle og nye vener, og kjenner fellesskapet i kvart einaste refrenglinje. Du veit aldri heilt kva som skjer – anna enn at dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!

DETTE FÅR DU

* Eit band som gjer alt – og litt til

* Låtar som får deg til å syngje som om ingen høyrer

* Ein sal full av livsglade folk i alle aldrar

* Den gode, småfrekke humoren og stemninga berre Vassendgutane kan levere

Holmen er fylt med møblar til å slenge seg ned på utendørs. Innandørs i NOTHENJO foregår konserten foran ståande publikum for den beste opplevinga

BEGRENSA BILLETTAR

Det er avgrensa med billettar. Billettsalet blir publisert torsdag 4.12 kl. 12.00 på heimesida vår og sosiale medier. Dette er den perfekte julegåva

Billettpris:1345,- Inkludert båtskyss frå Bakkasund

Aldersgrense: 20 år

Vorstellungen

Nothengjo (Bakkasund )
Mai 2026

22. Mai

18:00

Kontakt

Adresse:
  • Bahus 29
  • 5385 Bakkasund

Wo ist Vassendgutane opnar Nothengjo! - UTSELD