Der Europas lengste fjord, Sognefjorden, strekkjer seg innover i landet i møte med Jostedalsbreen og Jotunheimen, ligg Luster kommune. Ein stor kommune, som i ei utstrekning på 2702 km2 er mellom dei største kommunane i Sør-Noreg.

Bygdesamfunn

Luster kommune har mange bygdesamfunn med kvar sine særpreg. Gaupne er kommunesenteret med gode servicetilbod, bu på Gaupnetunet og besøk Lustrabadet som er moro for både liten og stor. Marifjøra vart til liks med Solvorn bygt opp i ei tid med sjøvegen som kommunikasjonskanal, og har også eit svært verdifullt bygningsmiljø. I den vetle bygda Marifjøra kan du bli med på kajakk med Fjord Seal og overnatte på Marifjøra Sjøbuer eller Tørvis Hotell.

I vakre Solvorn finn du Norges eldste hotell Walaker Hotel, ein liten kafe og eit lite gjestehus Eplet Bed & Apple som er den perfekte basen for backpacking. Bli med Luster Nature Guides på guida RIB båt tur, eller ta ferja frå Solvorn - Ornes og besøk UNESCO Urnes Stavkyrkje.

Aktiviteter i Solvorn-Gaupne

Her finn du eit utvalg av aktivitetar i Solvorn-Gaupne

Ornes - Nystølen - Kinsedal

Turen startar ved stavkyrkja på Ornes. Til venstre for muren rundt kyrkja går det ein gamal kjerreveg i god stand som fører fram til garden Urneskroken som no er fråflytta. Denne garden var i full drift fram til omlag 1970. Før du byrjar på "nedstigninga" til Urneskroken (ca. 300 m før du kjem ned til garden) går det ein godt synleg sti til høgre mot Nystølen. Stien passerer Kvannegjelet, går opp Galdane der stien går i sju krappe svingar opp til Rognelid. Her er det flott utsikt til Solvorn og Mollandsmarka. Du passerer ei grind som er grense mellom fjellbeite og heimebeite. Stien går vidare slakt oppover, og du får fin utsikt over Kroken og Høyheimsvik. Stien går forbi "Durao" (du høyrer, men ser ikkje elva) og går til Geithaug. Herifrå er det flott utsikt over Luster, Høyheimsvik og Gaupne. Når du kjem opp av skogen er det noko dårleg merka sti, men det ligg ei hytte til høgre for stien og ei tjørn på venstre side. Når du passerer tjørna kan du og sjå sela på Nystølen som ligg omlag 900 m.o.h. Frå Nystølen går stien i ned mot Kinsedal. Stien går i ope lett terreng, som etter kvart går over i lauvskog nedover mot stølen Kveken. Dette er ein gamal vårstøl tilhøyrande Ornes. På andre sida av dalen ligg Dalastølen, tilhøyrande Kinsedal, noko høgare enn Kveken. Normal gangtid frå Ornes til Nystølen er omlag 2,5t. Terrenget er bratt. Frå Nystølen til Kveken er det omlag 30-40min. gangtid. Dette er lett turterreng.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.

Følg oss:

  • YouTube

    The Fjord Village of Solvorn