Kulturscena i Bømlo kulturhus er fullt teknisk utrusta til glede for lokale lag og organisasjonar. Bømlo har eit rikt kulturliv med lang erfaring på teaterproduksjon, korps og ein aktiv kulturskule som fyller scenen gjennom året med små og store produksjonar. Bømlo kulturhus er også turnestoppestad for Riksteatret og Teater Vestland, samt nasjonale artistar på turne gjennom landet.

Bømlo kulturhus er også mykje brukt av organisasjonar, næringsliv og det offentlege til møter, presentasjonar, kurs og konferansar.

Bømlo folkebibliotek opna våren 2020 i Bømlo kulturhus. Dette er eit heilt unikt bibliotek i nasjonal samanheng, det opne biblioteksrommet ligg i samband med kulturhusfoajeen og inviterer alle inn til opplevingar, samhald og utforsking.

I sørviskiosken vår kan du kjøpa billettar til kino og kulturarrangement, handla i kiosken og låne bøker hjå biblioteket. I sommerferien finn du i tillegg turistinformasjon her. I foajeen finn du også kulturhuskaféen Gaffel&Vaffel som serverer mat og drikke til kulturhusgjestene.

Kontakt

Adresse:
  • Kulturhusvegen 20.
  • 5430 Bremnes
Telefon:
53 42 35 00
E-Mail:
post@bomlokulturhus.no
Website:
bomlokulturhus.no/

Wo ist Bømlo Kulturhaus?