Stad:
Nordvest på øya Horgo, sør for Store Kalsøy. Øya er i dag utan fast busetnad.
Areal:
60 dekar.
På den naturskjønne øya Horgo er det mange lune bukter ut mot storhavet. Tidlegare var dette friluftsområdet eit småburk på totalt ca. 60 dekar inn-og utmark. I 1988 overtok Friluftsrådet forvaltninga av området. Sør i Austrevågen finn du flytebrygge og informasjonstavle. Du kan følgje stien frå kaiplassen fram til huset. Dei som leiger kystledhuset har rett til å disponere ein plass ved flytebrygga i Austrevågen.
Det er ei rommeleg og god hamn i Vestrevågen, med gode ankringstilhøve og fortøyningsboltar. Når sjøen står på frå vest og nordvest er det vanskeleg med innsegling. På øya beitar villsau for å halde kulturlandskapet i hevd. Vis omsyn til dyra, dette gjeld spesielt i lamminga i midten av april måned. Hundar må haldast i band! Utanom friluftsområdet er Horgo i privat eige. Gjestar må ta omsyn til dette og respektere private eigedomar.
Utleige av huset på Horgo Våningshuset på eigedommen kan leigast etter avtale med Friluftsrådet.
Strände und Badeplätze
Horgo friluftsområde
På den naturskjønne øya Horgo er det mange lune bukter ut mot storhavet.
© Bergen og omland friluftsråd
Kontakt
- Adresse:
- Nordvest på øya Horgo, sør for Store Kalsøy
- 5388 Litlakalsøy
- Telefon:
- 55 39 29 50
- E-Mail:
- Website:
- bof.no/