Denne turen kan ein starte ved besinstadjonen Best i Dimmelsvik eller i Rosendal. Frå Fylkesveg 48 tek ein av på Landavegen der det er skilta mot Matre og Åkra. Her syklar du oppover den frodige jordbruksbygda Omvikdalen. Dette er eit levande landskap, ofte med beitande dyr. Etter eit stykke kjem du til Nistovetunet, ein museumsavdeling under Sunnhordland museum. Her kan ein få omvisning etter avtale. Ta ein titt inn i tunet før du syklar vidare. Ved Nistovetunet kan ein også ta av vegen og komma inn på turstien som fører opp til Kviteggjo eller Kvannto. Vidare syklar du opover dalen, over Landa bru der du kjem til kryss mot Matre/Åkra. I dette krysset fortset du til høgre nedover dalen att. Etter eit stykke kjem du til vegkryss der du tek til venstre på Sandvikevegen. Du får no snart flott utsikt over Hardangerfjorden før du kjem nedatt til Fv.48, som fører deg tilbake til Dimmelsvik evt. Rosendal.

Kontakt

Adresse:
  • 5464 Dimmelsvik
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-Mail:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Website:
www.bikemap.net/route/1625288

Wo ist Omvikdalen?