Dekorasjonane i koret frå same tid er i vinrankemønster. Midtskipet i kyrkja har truleg vorte dekorert noko seinare og desse bileta er heilt eineståande som kyrkjekunst.

Under den siste restaureringa i 1967 vart det funne eit gamalt klede, brukt som antependium så seint som 1930. Kledet er granska og funne at det må vere ei ridderkåpe vevd i Venedig omlag 1300. Det er det einaste som er funne av dette slag i Norge. Kyrkja står open om sommaren.

Hvor er Flåm kyrkje?