Solheimsdalen - Malkenesdalen -Tysnessåto


Parkeringsplassen i Solheimsdalen er eit av dei mest brukte
utgangspunkt for turar i Tysnesfjella både sommar og vinter.
Turene går gjennom bjørkeskog til over skoggrensa med lyng
og brake, der ein får kjensle av høgfjellsvidde. Tysnessåto,
753 moh. er den høgste toppen i Tysnes med flott utsikt i alle
retningar.
Frå Grovatnet er det mogeleg å gå vidare mot Breistølen og
Vasstøl.

Gode råd: Nokre våte parti, bruk høvelege sko.

Lengde: 20 km t/r, 3 timar opp.
Høgdeskilnad: 280- 753 moh.

Turen startar med lett stigning etter traktorveg om lag 2 km
før den tar av til venstre på stig opp Malkenesdalen der den
på om lag 550 moh. flatar noko ut innover Såtefjellet til foten
av Tysnessåto. Den siste oppstigninga til Såta er relativ bratt.
Varde med besøksbok.
Herifrå kan ein alternativt følgje stig ned til Grovatnet og vidare
derifrå til ein når skogsvegen tilbake til Solheimsdalen.

Kontakt

Adresse:
  • Rådhuset
  • 5685
  • Tysnes
Telefon:
53 43 70 19
E-post:
post@tysnes.kommune.no
Nettside:
www.tysnes.kommune.no

Hvor er Solheimsdalen - Malkenesdalen - Tysnessåto?