Stad Hatlestrand

Kart Strand-Ulv sitt orienteringskart over Hatlestrand

Start, sluttpunkt og parkering Grønevik Frå Gjermundshamn ferjekai - køyr 4 km mot Mundheim. Køyr av hovudveg til venstre og parker nede ved ferist. Skilt ved bommen. Turen går på skogsveg.

Lengde til turmål 4,0 km

Merking T-merkt

Gradering GRØN - LETT TUR

Høgdeskilnad 50 - 235 moh.

Tidsbruk 2,5 timar begge vegar

Turomtale Følg skogsveg 3 km oppover. Langs skogsvegen er det ei fantastisk utsikt over til Varaldsøy, Melderskin og alle Kvinnherad-fjella. Dei siste 500 m går ein på sti. Ein kan gå med barnevogn heilt til det siste stykket. Obs! Ved vatnet er det verna naturområde.  

Kontakt

Adresse:
  • 5635
  • Kvinnherad
Telefon:
53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:

Hvor er Tursti til Svartavatnet på Hatlestrand?