Topptur til Malmangernuten.

Stad Rosendal.

Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt Rosendal Fjordhotel.

Parkering Øvre P-plass ved Rosendal Fjordhotel.

Merking Informasjonstavle ved P-plassen. T-merka med skilt og vardar.

Gradering Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad 0 –  890 moh.

Tidsbruk 4 timar t/r.

Gode råd Alternativ retur kan vera stien frå Malmangernuten langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen til stidele mot Guddal, eller til stidele mot Rosendal ned den bratte Murabotnen. Sjå rutene "Malmangernuten frå Hattebergsdalen" og "Skeisfjell".

Turomtale Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel tvers over riksvegen til skilt og merking langs gangvegen til Skeie der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog.  Mellom Høyklepp og Hjort har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å sikra det bratte området.

Flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger, med hav, fjordar, vassdragsnatur og mektige fjellområde.

Kontakt

Adresse:
  • 5470
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Malmangernuten frå Rosendal?