Høgdeskilnad: 0 - 48 moh.

Estimert tid: 1 time.

Avstand: 3,5 km. rundtur.

Turkart: Tysnes 1:50 000

Startpunkt og parkering: Avkjørsel ved tunellen på Uggdal.

Turomtale: Myklestadskogen, Tysnes. Rundløype frå parkering på Heningen i Uggdal. Turen er gradert som grøn løype og tek om lag ein time. Høgdeskilnad er 0-48 moh. Følg skogsvegen til Hallgjerdsvika, passer hyttefeltet og ta skogsvegen bratt opp mot høgre. Her kan du eventuelt ta ein avstikker rett fram, ned til badeplassen og friluftsområdet i Kjevika. Følg stien til høgre inn i skogen. Etterkvart skimter du og passerer Ullstjødno. Stien går vidare over bekken og opp ein kneik. Du kjem til eit stikryss med ein benk. Ta til høgre, og følg stien til du kjem til skogsvegen som du fylgjer sørover langs Kyrkjevatnet, til Heningen.

Kontakt

Adresse:
  • 5685
  • Tysnes
Telefon:
+47 53 43 70 00
E-post:
post@tysnes.kommune.no
Nettside:

Hvor er Rundtur i Myklestadskogen på Tysnes?