Borgund Stavkyrkje, Gamle Lærdalsøyrimed sine 161 verna trebygningar og fjordlandskap på UNESCO si liste er noko av det Lærdal kan tilby. Innerst i Sognefjorden og midt mellom Oslo og Bergen finn du den grøne kommunen.

Gamle Lærdalsøyri
"150 smaa hus tæt til sammen..." slik såg biskop Pontoppidan Lærdalsøyri på ei reeise gjennom Lærdal i 1749. No omfattar område eit bygningsmiljø frå 1700-1800-talet med 160 verna bygningar. Eit sjeldsyn på Vestlandet! Det er også fleire spennande butikkar i dei gamle sjøbuene på Gamle Lærdalsøyri, mellom anna innanfor antikvitetar, interiør/merkevare, lokalproduserte varer og lokalmat.

Lærdal er ei typisk Vestlandsbygd med høge dramatiske fjell og eit frodig og grønt kulturlandskap nedover dalen vitnar om eit aktivt jordbruk. Det turre klimaet gjev godt grunnlag for all frukt , bær og grønsaksproduksjon i bygda.

Den berømte Lærdalselva som slynger seg frå side til side frå fjellet og heilt ned til den majestetiske Sognefjorden set sitt særpreg på dalen.

Aktivitetar i Lærdal

Her finn du eit utvalg av aktivitetar i Lærdal

Kongevegen og andre historiske vegar i Lærdal

Kongevegen over Filefjell frå 1793 gjekk gjennom Lærdal og er stor ingeniørkunst frå si samtid. Store deler av vegen har vore intakt gjennom over 200 år og dei siste åra har dessutan eit storstilt restaureringsarbeid gjort at dette er ein perfekt vandrarveg gjennom nydeleg og dramatisk terreng. Spesielt er delen av Kongevegen som går frå Seltun til Borgund stavkyrkje ei perle. Her passerer ein mellom anna den historiske husmannsplassen Galdane, går gjennom den vakre Øygardsvegen, forbi nyrestaurerte Husum hotell i sveitserstil og den imponerande vegarkitekturen i Vindhellaskaret (biletet) før ein kjem ned ved Borgund stavkyrkje bygd kring 1180. Heile denne turen er vel 10 km lang og berre nokr hundre meter går på asfalt, ved Husum hotell. Ein kan også gjera to rundturar i dette området; anten gå Seltun – Galdane – Sjurhaugen, så gå nedover att på asfaltvegen nokre hundre meter langs elva før ein tek seg opp mot Steineåsen/Seltåsen, der Kaptein Finnes veg frå 1845 går; denne er på nivå med Kongevegen sjølv når det kjem til vegarkitektur. Siste dryge kilometeren til Seltun går delvis på asfalt, delvis på grusa gang- og sykkelsti. Når det gjeld Vindhellavegen kan ein gå denne vegen til eller frå Borgund stavkyrkje og Sverrestigen frå slutten av 1100-talet andre vegen; her er Rimskjold like aust om Husum hotell det vestlege endepunktet. Frå Borlaug til Maristova ligg også Kongevegen intakt det aller meste av distansen, og frå Maristova vidare til Kyrkjestølen på «toppen» av Filefjell heilt intakt – dette er ei flott vandring frå den trange dalbotnen til høgfjellet eller omvendt, og det er overnattingsmoglegheiter både på Borlaug, Maristova og Kyrkjestølen om ein vil dela opp distansen. Les meir om Kongevegen over Filefjell på visitkongevegen.no

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.