Skip to main content

Når vi møter gitarmannen, har han gått inn på ein bar. Der byrjar han å fortelje. Om livet på gata, om dei han møter, og om det valet han har. Med sår røyst opnar han døra til eit liv levd i skuggen og let oss skimte eit liv få har sett, men mange har gått forbi.

Det handlar om livets tilfeldigheiter, moglegheiter vi tok og gav avkall på, og om å finne meining i det ein har.

Jon Fosses monolog «Gitarmannen» vart i si tid skrive på bestilling av skodespelar Bjørn Willberg Andersen. No, tretti år seinare, skal han endeleg ta teksten til scenen. Og det med nyskriven musikk av Lars Lillo-Stenberg.

Framsyninga blir spela på Sardinen USF, og byr på ei nær og særeigen teateroppleving.

Source: Visit Bergen

Showings

Sardinen USF (Bergen)
March 2026

March 11

Contact

Address:
  • Georgenes Verft 3
  • 5011 Bergen
Website:
dns.no/forestillinger/gitarmannen/
Book:
www.eventim.no/tickets.html?affiliate=VO1&doc=erdetaila&fun=erdetail&erid=4022702

Where is Gitarmannen