Skip to main content

Resten av livet
Trond-Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valle
i samtale med Malene Vilnes-Bakke

Er det éi ting vi alle har felles, så er det resten av livet – kort eller langt. Og mange av oss fryktar det uunngåelege – alderdom, sjukdom og død. Men kva skjer eigentleg i kroppen når vi blir eldre, og kva kan vi gjere for å forseinke utviklinga? Kva vil det seie å bli eldre, og korleis handterer vi overgangar og endringar i den delen av livet?

I samtaleføredraget Resten av livet snakkar Trond-Viggo og kona Kristin inspirerande og muntert om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonisttilværet – ein fase som kan vere både frigjerande og forvirrande. Med humor, livserfaring og solid kunnskap tek dei oss med inn i eit livskapittel fylt av moglegheiter, men òg identitetsendringar, nye roller og endringar i relasjonar.

Samtalen løftar fram tema vi ofte utset å tenkje på, og avgjerder vi har ein tendens til å skyve framfor oss – det handlar om val, forvandlingar, vennskap, familie, økonomi, avslutningar og nye moglegheiter.

Trond-Viggo og Kristin møter Malene Vilnes-Bakke frå Frisk Forlag til samtale, og vi kan love ei ettertenksam og morosam oppleving om det gode livet som senior! Trond-Viggo signerer gjerne bøker i etterkant av arrangementet.

Showings

Baroniet Rosendal (Rosendal)
May 28, 2026:
11:00

Contact

Address:
  • Baronivegen 60
  • 5470 Rosendal
Phone:
Email:
Website:
www.baroniet.no/kulturprogram/

Where is Trond Viggo Torgersen & Kristin Helle-Valle