Kvernsteinsparken

Kvernsteinsparken tar deg med ei reise tilbake i tid då det var stor aktivitet i Hyllestad. Her var dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Bli med på steineventyret og la barna prøve seg på ulike aktivitetar som pil og boge, eller jakte på Kvernsteinstrollet.

Coasteering

Opplev naturen frå ein heilt ny vinkel og utfordre deg sjølv både i vatn og på klipper. Coasteering er ein kombinasjon av fridykking, svømming, klippehopping og buldring. Dette er ein aktivitet som kan tilpassast alle aldre og er eit ypparleg utgangspunkt for teambuilding eler ein utfordring for familien

Refviksanden

Nyt late dager på ein av Norges flottaste strender, Refviksanden. Ta med deg familien på ein stranddag, snorkle etter fisk, surf eller berre ligg på madrassen og nyt livet

Kystmuseet

Kystmuseet i Florø ligg i eit vakkert kystområde bunde saman med spaserveger og bruer. Kystmuseet har 3 utstillingsbygg og stort uteområde med gamle bygningar i flott kystnatur. Her er det lagt fint til rette for aktivitetar for barn, og om sommaren kan både store og små helse på dei søte geitene som er på beite like ved museet.

Sørstrand Folkepark

Sørstrand Folkepark er eit friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle.