KODE opnar dørene og ein modell kler av seg i kunstens teneste. Vi gjentek suksessen med workshop i aktteikning!
Har du nokon gong lurt på korleis det er å teikna eit levande menneske? Har du så lurt på korleis det er å teikna eit menneske i berre fødedrakta? Studentersamfunnet og KODE Bergen inviterer deg og venane dine til aktteikning! Aktteikning er ein eldgamal kunstdisiplin som lèt kunstnaren leika seg med lys og skugge, når ein teiknar og skisserer nakne modellar. Du vil sjølvsagt bli veileda av instruktør frå KODE for å skapa kunst etter beste evne.
Workshopen skjer i Festsalen, Permanenten (tidl. KODE 1) er open og gratis for alle (krev påmelding: gratisbillett) som vil utforska si kunstnariske side. Det er ingen krav om forkunnskaper eller talent, alle er velkomne!
Påmelding (gratisbillett) til dette arrangementet torsdag den 16. februar, opnar torsdag den 2. februar (2 veker før arrangementet).
Source: Visit Bergen
Showings
- February 16:
- 18:00
Contact
- Address:
- Nordahl Bruns gate 9
- 5014 Bergen
- Phone:
- Email:
- Website: