På denne turen kjem du tett på variert og mektig vestlandsnatur. Du startar på Klakegg og du syklar på lite trafikkert og flat veg. I det majestetisk landskapet får du kontrastane mellom bratte fjell og flatt ope landskap. Om du vil kan du ta ein avstikkar til fots for å komme tett på Haugabreen. Stardalen har også sin eigen kafe med mykje godt på menyen.

Dette er ein innhaldsrik sykkeltur i vill vestlandsnatur, tett på Haugabreen og med moglegheit for kafébesøk. Turen passar for både små og store som ønsker ein triveleg tur gjennom ei flat, vid og langstrekt bygd. 

Stardalen blir kalla "bygda under breen" og har eit majestetisk landskap. Dei kvasse fjella du er omringa av skapar ein vakker kontrast til den langstrakte, grøne dalen du syklar gjennom.

Her kan du utforske naturen nær brearmen Haugabreen inst i dalen, eller ta avstikkarar til fleire sidedalar, med blant anna bygningar frå tidlegare tiders stølsdrift. Om du vil parkere sykkelen, er her mange fine rusleturar, og Stardalselva følger deg heile turen.

Det er store sjansar for å møte beitande geiter, sauer og kyr i jordbruksbygda, og om du blir svolten undervegs, har Stardalen sin eigen sommarkafé med mykje godt på menyen.

 

 

Kontakt

Adresse:
  • Klakegg
  • 6843
  • Sunnfjord
Telefon:
+4757721955
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:
www.sognefjord.no/sunnfjord/

Hvor er Sykkelrute - Klakegg - Stardalen - Klakegg?