Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg. Nordsjøporten heiter vegen, og er ikkje berre viktig for samferdsle og kommunikasjon her ute, men også ei fantastisk reise gjennom øyrika. Her er eit myldrande dyreliv i Sørværet Naturreservat, og er du heldig kan du oppleve både sel, oter, ørn og hjort. 

Øyriket Værlandet og Bulandet er Noregs vestlegaste bebudde samfunn. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som likar sykling, padling, fiske eller fotturar. Bulandet er det vestlegaste aktive fiskerisamfunnet i Noreg, og omfattar 365 øyer og har omlag 260 innbyggjarar. På bygdemuseet "Bulandet i fortid og notid" gjev eit godt bilete av daglegliv og fiskeri i Bulandet. I Værlandet bur det ca. 200 innbyggjarar. Fiske og oppdrett er dei viktigaste næringsvegane, men reiseliv og eksport av høgkvalitets naturstein (grønsteinsbrekje) til Italia, er næringar i sterk vekst. 

OPPLEVINGAR Vegen mellom Værlandet og Bulandeet er ein populær sykkeltur. På den 11 kilometer lange sykkelturen syklar du over ei perlerad av bruer. Terrenget er storslått, og du syklar forbi kunstinstallasjonar, sjarmerande sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav. Sykkelturen kan kombinerast med ein øyhoppingstur til nokon av dei vestlegaste øyane i Noreg.  Butikkane Joker Værlandet og Joker Bulandet ligg i kvar sin ende av det vakre øyriket. Joker Værlandet er lett tilgjengeleg når du kjem med ferge frå Askvoll, og Joker Bulandet er lett tilgjengeleg når du øyhoppar mellom Solund og Bulandet. Du kan leige og levere sykkel på kva som helst av dei to butikkane - du kan med andre ord velje om du ønskjer å sykle ein veg eller fram og tilbake. Les meir om øyhopping med sykkel her. 

På Værlandet og i Bulandet kan du vandre på ulike løyper tilrettelagt i naturen. Nordsjøløypa er ei av dei lengste løypene og inneheld både flatt terreng og nokon toppar. Følg skilting undervegs og opplev flotte utsiktspunkt som er vel verdt litt strev når du har komen til toppen. Ønskjer du guida turar? Ruth Bakke har drive guiding av turar på Værlandet og i Bulandet i mange år. Her kan du velje mellom ulike turar og Ruth skreddarsyr eit opplegg for deg og dine interesser saman emd vener, familie eller ditt firma.  ​​ KORLEIS KOMME SEG HIT Ta ferga frå Askvoll/Fure til Værlandet, og ta beina fatt eller dra med sykkel/bil over bruene til Bulandet. Fotturen vil ta eit par timar ein veg. Dette er ein tur du seint vil gløyme! 

OVERNATTING Det er fleire overnattingstilbod både på Værlandet og i Bulandet. Vi anbefaler å booke overnatting på førehand og ta turen over fleire dagar. 

Kontakt

Adresse:
  • 6986
  • Askvoll
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.bulandet-grendalag.org/

Hvor er Bulandet & Værlandet?