Dei sunnmørske fyrbyggjarane bygde fyr og lykter ikkje berre langs norskekysten, men òg på Svalbard og Kolahalvøya. Historikaren Jostein Nerbøvik har synt at arbeidarane frå Volda har vore med i bygginga av omtrent halvparten av fyra våre.
Arbeidet i Fyr- og merkevesenet har nærmast gått i arv frå generasjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta, og i tillegg var det mange som tok arbeid i Havnevesenet. Framleis finst det arbeidarar frå Dalsfjord i Kystverket.
Viti er ein del av Kystverkmusea, som er eit museum for Kystverket, samansett av fem ulike og frittståande museum. Samlingane i Dalsfjord er viktige i nasjonal samanheng. Kystverkmusea får eiga løyving frå Samferdselsdepartement og utgir ein eigen årsrapport.
Art and museums
Dalsfjord Fyrmuseum
På Dalsfjord fyrmuseum kan du oppleve historia om dei sunnmørske fyrbyggjarane.
Grodås
Source: Nordfjord
Contact
- Address:
- Viti Musea, Dalsfjordvegen 607
- 6133 Lauvstad
- Phone:
- 70 23 90 00
- Email:
- post@vitimusea.no
- Website:
- www.sunnmore.museum.no