Garden på Dalland er ein vestlandsgard på vakre Tysnes. Her kan du kjøpe kvalitetskjøt av vestlandsk fjordfe - kortreist og grasfôra direkte frå garden!

Det starta smått med ein draum og ein ide. Ein ide om å driva gard på ein berekraftig og naturleg måte, med dyra sitt beste i fokus. Det har alltid vore eit sterkt ynskje om at dyra på garden skal få leva på sine eigne premissar, ikkje på premissane til kapitalstyrt industriell matproduksjon. Dei skal leva av og i naturen, og utnytta dei ressursane som fins på garden. Dette krev meir innsats, og stiller større krav til bøndene. Men resultatet er produkt av ein heilt særeigen kvalitet. Dette er berekraft i praksis. Og du som forbrukar vil kunne smake forskjell.

På garden er det vestlandsk fjordfe, gammalnorsk sau, kasjmirgeiter, og grasproduksjon.

Glade grasfora dyr, i vakre naturlege omgjevnadar. Slik vert det laga ekte naturleg kvalitetskjøt på Tysnes!

 

Ta gjerne kontakt med Irene eller Anders på Dalland om du lurer på noko. 

Kontakt

Adresse:
  • Dallandsvegen 50
  • 5680
  • Tysnes
Telefon:
+47 950 49 131
E-post:
post@dallandgard.no
Nettside:
gardenpaadalland.no/

Hvor er Garden på Dalland?