Stad Uskedalen. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt Frå P-plassen følg rv 48 ca 300 m over brua til vegkryss med skilt til Musland. 100 meter langs den flotte steingarden som høyrer til Kapteinsgården. Merkinga startar ved gardsløa i svingen. Parkering Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen. Merking Informasjonstavle ved løa. T-merka med skilt og vardar. Gradering Svart, 4 støvlar etter DNT-system Høgdeskilnad 10 – 1200 moh Tidsbruk 7 timar t/r. Gode råd Skogsvegen i starten av turen kan vera litt blaut. Sjå også omtale for alternativ rute "Englafjell frå Eik" som opnar for ein fin rundtur. Turomtale Frå starten ved gardsløa gå vegen forbi gardstunet, gjennom grind og inn på skogsveg. Følg skogsvegen ca 300 m. Ta deretter av mot venstre og følg merkinga gjennom tett granskog og etter kvart noko bratt. Over tregrensa praktfull utsikt som vert betre og betre dess høgare ein kjem.

Kontakt

Adresse:
  • 5463
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Englafjell frå Fet?