Stad Rosendal. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart. Start- og sluttpunkt Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen. Parkering

Følg vegskilt "Fossberg" frå vegdelet før Baroniet.

P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Merking Informasjonstavle ved P-plassen. Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta sti opp Murabotnen. Gradering Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 150 – 1038 moh. Tidsbruk 5 timar t/r. Gode råd Ved stor vassføring kan bekken oppe i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ retur kan vera stien om Gamlestølen ned til Guddal, eller stien over Malmangernuten og direkte ned til Rosendal. Sjå rutene "Malmangernuten frå Hattebergsdalen" og "Malmangernuten frå Rosendal". Turomtale Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs grusvegen til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen og til venstre i stidele med Malmangernuten. Etter dei gamle murane på Kuhammarstølen kjem ein etter kvart til skilt som viser til utsiktspunkt mot Bjørndalsområdet og kjeldene for Hattebergvassdraget. Dette er sentrale område i Folgefonna Nasjonalpark. Flott utsyn frå varden på Skeisfjell, der Ulvanosa, Blådalshorga og Bjørndalstindane framhevar seg i ein mektig fjellheim.

Kontakt

Adresse:
  • 5470
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Skeisfjell?