Stad Varaldsøy. Turkart Noreg 1:50 000 blad 1215 11 Varaldsøy. Folgefonna nasjonalpark. Folgefonna - Hardangerfjorden. Start- og sluttpunkt Glebakka. Parkering Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn. Følg vegen ca 5 km til Glebakka, skilt på høgre side av vegen. Parker på opplagsplassen ved elva. Merking Informasjonstavle ved startpunkt. T- merka og skilta. Gradering Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT- systemet. Høgdeskilnad 230 - 280 moh. Tidsbruk 1 time t/r. Gode råd Elva ved P-plassen er kjelda for drikkevatnet på Varaldsøy, vis hensyn. Barlinda er nord-Europas største barlind. Den er freda ved norsk lov. Treet er holt, og fint for ungane å klatra i. Turomtale Frå P-plassen på skogsveg nordaust langs venstre side av elva. Etter 400 meter kryssar skogsvegen ein bekk, mens stien til Barlinda går langs venstre bredde 200 meter nesten fram til ei hytte. Derfrå sti til venstre opp i åsen til Barlinda. Dette er ein fin tur for heile familien gjennom vakre skogsområde. Stien kan vere litt tilgrodd.  

Kontakt

Adresse:
  • 5636
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Barlinda på Varaldsøy?