Bestill

Frå Hardbakke kan du bli med båten Solvik på øyhoppingstur i Nord Solund. Båten vil stort sett gå i roleg farvatn der ein passerar tronge sund og små bustader. Båtførar guider undervegs. Båten stopper på Buskøy der ein får guida omvising til avrettingsstaden. Etterpå kan du utforske den gamle handelsstaden på Buskøy på eige hand. Her får du innblikk i stadens historie og dei ulike verksemda som har vert drevet på den gamle handelsstaden. Etter stoppet på Buskøy fortsetter turen gjennom dei små øysamfunna før den går i retur til Hardbakke. Det vil bli mogleg å kjøpe suppe m/brød på førehand. Dette bestilles i bookingen. Det vil også bli sal av drikke, kaffi og vaffel/svele på Buskøy. 

TURBESKRIVING

Båten går frå Hardbakke til Buskøy med retur Hardbakke torsdag og søndag frå 20. juni til 15. august 2021.

11.00 Avgang med båten frå Hardbakke i Solund 12.00 Ankomst Buskøy med guida tur til avrettingsstaden  12.45 Besøk den gamle handelsstaden og utforsk Buskøy på eige hand. Her kan du nyte eit godt måltid medan du nyt utsikta over hamna. 14.15 Avreise frå Buskøy 15.00 Ankomst Hardbakke

GODT Å VITE

Kle deg etter vêret, då ein kan sjå seg om utandørs på turen. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke, vêret kan skifte brått.

Det er mogleg å gjere turen om til ein dagstur. Det går ein ferje frå Rysjedalsvika klokka 09.05 og Rutledal 09.30. Ferja er på Krakhella klokka 10.10 og du vil ankomme Hardbakke rundt klokka 10.40. Du vil vere tilbake frå turen rundt klokka 15.00 og vil ha god tid til ferja som går tilbake til Rutledal og Rysjedalsvika 17.30.

HISTORIA OM BUSKØY

Heilt tilbake til siste del av 1600-talet bygde Fredrik Busch opp ein stor handelsstad med eit stor herskapshus, borgstove, fleire handelsbuer, jektenaus og jektehamn. Her fekk han kongeleg bevilling av Kong Fredrik IV til å drive «Kræmmerleie og gjestgivarverksemd» på Buskøy i 1705. i 1849 kjøpte Hans Christian Hess Buskøy, og sidan har Buskøy vert i Hess-familiens eige.

Staden fekk tidleg postopneri, dampskipekspedisjon og telegrafstasjon. Georg Balchen Hess bygde Sveitserhuset, som fortsatt er hovudhuset på Buskøy. Seinare har driftige folk på øya drevet taremottak, fiskemottak, lakseoppdrett og steinindustri.

TURSTIAR PÅ BUSKØY Kom tett på den vakre naturen på Buskøy. Turstiane på Buskøy viser deg kystnatur nær storhavet. Finn roen medan du vandrer i naturen over fargerike konglomeratberg, langs stille vatn og lune viker til lyden av bruset frå storhavet i vest.

Nyt fantastisk panoramautsikt frå alle retningar. Her kan du sjå dei karakteristiske seglingsmerka Alden og Kinnaklova i nord, Norges vestlegaste fyr Utvær i vest, og i det fjerne – det endelause storhavet.

Fra NOK 0,00

Kontakt

Adresse:
  • 6924
  • Solund
Telefon:
97018145
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Øyhoppingstur til Nord Solund?