Bestill

Det permanente lysverket Hardanger Skyspace i Øystese er signert den amerikanske kunstnaren James Turrell .

I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til (for tida) 8 personar, gir kunstverket ei unik oppleving av farge, himmel, rom og lys.

Ved soloppgang og solnedgang vert rommet fylt med farga lys som verkar inn på opplevinga av himmelflata. Lat deg forundra og forbløffa over kva du ser! Vêrtilhøve og årstid verkar inn på opplevinga, slik at kvart besøk vert unikt.

Tidspunkt: Nøyaktige tider for lysvisning finn du via linken for billettbestilling

Oppmøte før lysprogram: Hardangerfjord hotell (resepsjon) for utlevering av nøkkel og skriftleg informasjon.

>>>Les meir på kabuso.no

Verket er ein del av Kunsthuset Kabuso (200 m.) sitt tilbod og kan opplevast (utan lysprogram) i opningstida der.

Kontakt gjerne Kabuso for spørsmål.

    Fra NOK 75,00

    Kontakt

    Adresse:
    • Hardangerfjordvegen 619
    • 5610
    • Kvam
    Telefon:
    47479987
    E-post:
    post@kabuso.no
    Nettside:
    kabuso.no

    Hvor er Hardanger Skyspace av James Turrell?