Bestill

Utleige av kajakk på stranda i Flåm

Ved leige av kajakk er følgande inkludert: Opp til 4 timar med sikkerheitsinstruksjon og rådgjeving på ruter du kan padle og campplassar langs fjorden. Padleåre, ekstra åre, padlevest, våtdrakt, sko, padlejakke, spruttrekk, pumpe, årepose, kart over nærområdet. Ved leige frå 2 dagar er henting av kajakkar og leigetakar i Gudvangen inkludert, tidspunkt må avtalast i god tid!

Vi har og anna utstyr til utleige; tauline, telt, kokeutstyr, tørrbager, vannsekker, kamerabokser etc.

All utleige må vere bestilt på førehand via post@kajakk.com. Vi krev kompetansebevis ved all leige av einkle kajakkar.

Vi leiger ut einkle og doble kajakkar i Flåm. Dei einkle kajakkane våre er av merket Valley Aquanaut Club (utan ror), dei doble er Current Design Crosswind (med ror).

For utleige av doble kajakkar krev vi ikkje formelle kvalifikasjonar. Vi vil gje eit kort sikkerhetskurs på land og vise korleis du reddar deg sjølv. Vi anbefaler sterkt at alle som leiger kajakk av oss tek eit våttkort kurs. 

Meir info

  • Facebook logo

Fra NOK 770,00

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 65
  • 5743
  • Aurland
Telefon:
91 32 66 28
E-post:
post@kajakk.com
Nettside:
www.njord.as

Hvor er Utleige av kajakk, Flåm?