Bestill

Flaggskipet er Via Ferrata Loen, ein klatresti (bygd i 2011) rett bak Hotel Alexandra. På «jernstien» opp fjellsida endar ein på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av løypa finn du Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 170 meter over bakken! I tillegg er der flust i ulike moglege ruter å ta, samt ei 36m lang wire bru. Via Ferrata Loen høver godt for aktive turistar, teambuilding, firmaturar, vennegjengar; kort og godt ein fenomenal tur for deg som ønskjer å oppleve noko nytt og spektakulært i den nydelege vestlandsnatur.


I Loen Active sin butikk i Loen sentrum finn du eit godt utval av La Sportiva motbakkesko, joggesko, via ferrata klatresko, fjellsko og klede. I tillegg finn du andre produkt frå merkevarer innan sport- og friluftsliv som t.d. Bridgedale, Casco, Skogstad, Eisbär, Zeal m.m.

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • 6789
  • Stryn
Telefon:
57875800
E-post:
post@loenactive.no
Nettside:
www.loenskylift.no/loen-active

Hvor er Loen Active?