Odd Nordstoga og band med albumslipp og haustturné – på USF Verftet

Ordinær salgsstart: 01. april kl.10:00 på Ticketmaster.no

Dørene åpner kl. 19.00. Konsertstart kl. 20.00. Ståplasser.

Med sekken full av både nye og gamle favorittlåtar, legg heile Noregs Odd Nordstoga ut på ein haustturné, som også markerar sleppet av eit heilt nytt album. Med seg på tur har han sitt eminente band, med nokon av landets ypparste musikarar, som trippar etter å formidle den etterlengta kjensla av samspel som berreeit skikkeleg godt orkester kan levere.

På desse konsertane vil publikum få servert låtar frå albumet Fatig ferdamann, som Odd leverte til strålande mottaking midt under pandemien, men også låtar frå det komande albumet Inn i skogen, som ventas i starten av oktober. I tillegg blir det rikeleg med favorittar frå Nordstogas arkiv, sjølvsagt! Få greier å skildre poesien i kvardagen slik han gjer, utan at det blir anten klisjefylt eller svulstig. Han syng om venskap og kjærleik, om naturen og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å danse, sjølv om me ikkje kan, og til å ville synge om denne grisen som står og hyler.

Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lever for å spela for publikum, og det er ikkje rart at folk i alle aldrar har trykt han til bringa, både til høgtid og på fest. Ein konsert med Odd Nordstoga og bandet hans opplevast rett og slett som ei sårt tiltrengt vitamininnsprøyting.

Source: Visit Bergen

Schedule

From October 27 to October 27

Monday:
Closed
Tuesday:
Closed
Wednesday:
Closed
Thursday:
20:00
Friday:
Closed
Saturday:
Closed
Sunday:
Closed

Contact

Address:
  • Georgernes Verft 12
  • 5011 Bergen
Phone:
Email:
Website:

Where is Odd Nordstoga - Inn i skogen og ut på tur?