Kva kjenneteiknar poeten Georg Johannesen? I haust kom Alfred Fidjestøl si bok Innerst i hjertet har jeg min forstand: Biografien om Georg Johannesen. Hovudtittelen er henta frå Johannesen sitt dikt «Ferie» frå 1959: Skjelettet er innerst / i hver eneste mann / Og hva har jeg innerst i hjertet? / Innerst i hjertet har jeg min forstand.
Øyvind Rimbereid og Johannesen var med i same forskargruppe som Johannesen ved Universitetet i Bergen. Rimbereid blei beden av Johannesen om å lese manuskriptet til det som seinare skulle bli diktsamlinga Ars vivendi. Rimbereid har også gitt ut eit essay om diktaren og har samla sitat i bokform. Kritikar Margunn Vikingstad leiar ein samtale med Rimbereid og Fidjestøl om Georg Johannesen som poet, og meir generelt om temperament i poesi.
Raseri og elegi
Source: Visit Bergen
Contact
- Address:
- Østre Skostredet 5-7
- 5017 Bergen
- Phone:
- Email:
- Website: