Book now

Livet ser også ut til å ha ordna seg for Hedda. Ho har omsider valt same livsveg som dei fleste andre, og gratulasjonane strøymer på frå nær og fjern. Men innvendig veks ein stadig større avgrunn mellom kjenslene og tankane som omgjevnadene forventar av henne - og det ho eigentleg tenker og føler.  Hedda Gabler er ein av Henrik Ibsens mest samansette karakterar. Om det eksistensielle dramaet skreiv han sjølv at «Hos Hedda ligger dyb poesi på bunden. Men omgivelserne skræmmer hende. Tænk, at gøre sig latterlig.» Hedda Gabler er blitt tolka og forsøkt forstått over heile verden. Når regissør Fredrik Longva set opp klassikaren for Riksteatret, vil han finne ut av kven Hedda er: «Kva får eit menneske til å gjere dei tinga Hedda gjer? Kva får oss menneske til å vere destruktive - overfor oss sjølv og dei rundt oss? Det er jo spørsmål som vi eigentleg burde stille mykje meir enn det vi gjer. Der opplever eg at teatret har ein unik posisjon i samfunnet. Fordi vi kan stille essensielle spørsmål utan nødvendigvis å ha svara.» Speletid: 2 timar 20 minutt (inkludert pause). Premiere i Oslo, Nydalen 27. januar 2022 Turnépremiere i Bodø 1. februar 2022 Med Ingrid Unnur Giæver, John Emil Jørgensrud, Kristine Hartgen, Khalid Mahamoud og Eivin Nilsen Salthe. Av Henrik Ibsen. Regissør Fredrik Longva. Scenograf Katja Ebbel Frederiksen. Kostymedesigner Solveig Holthe Bygdnes. Lysdesigner Martin Myrvold. Komponist Hanne Hukkelberg. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.

    Contact

    Address:
    • Ørsta Kulturhus & Kino
    • 6153 ØRSTA
    Phone:
    Email:
    post@orstakulturhus.no
    Website:
    checkout.ebillett.no/207/events/35845/purchase?kanal=dxf

    Where is Riksteatret: Hedda Gabler?