I møbelbygda Stordal kan du besøke Rosekyrkja frå 1789. Med sine særeigne dekorasjonar i barokk renessansestil på både vegger, tak og søyler er dette ein verkeleg eineståande kyrkebygning. Mykje av interiøret stammar frå den gamle stavkyrkja som sto på området i mellomalderen, blant anna eit vakkert krusifiks og ein døypefont.

Kyrkja er også ein del av Stordal bygdetun, der fire vakre bygningar ligg tett saman. Ved Rosekyrkja ligg Prestestova frå 1850, eit stabbur frå 1750, og den sjarmerande Løsetsotva, som er ei sunnmørsstove frå 1790-åra. Rosekyrkja ligg ved riksveg 650 omkring 60 km aust for Ålesund sentrum.

Fra NOK 45,00

Kontakt

Adresse:
  • 6250
  • Fjord
Telefon:
70 27 81 40
E-post:
k-alm@online.no
Nettside:

Hvor er Rosekyrkja - Stordal Gamle Kyrkje?