Pust fram andletet mitt.
Styrta engel av P.O. Enquist er ei underlig fascinerende og klok bok om ekstreme menneskelagnader som vart skrive i 1985.
Scenekunstnar Sigmund Njøs Hovind og instruktør Kjersti Elvik gjorde ei nærlesing av boka der dei jobba fram ei arbeidsvisning våren 2021, men få fekk gleda av å vere der på grunn av restriksjonane. Materialet har mogna sidan då når han denne gongen nærmar seg dette mesterverket og reiser dei same vanskelege spørsmåla i 2023.
Med seg har han som sist instruktør Kjersti Elvik, og saman har dei laga ein einaktar som krinsar rundt historiar, draumar, sanning og minne, formidla gjennom forteljarstemma i boka.
Det vert lagt opp til ein samtale med publikum etter framsyninga.
Kom og undre deg over vondskap, det monstrøse og kjærleiken saman med oss.
Varigheit ca 1 time
Theatre & shows
Styrta engel
Basert på boka "Styrta engel" av P.O Enquist. Med: Sigmund Njøs Hovind. Instruktør: Kjersti Elvik.
Source: Visit Bergen
Showings
- February 22:
- 19:00
Contact
- Address:
- Øvre Ole Bulls Plass 6
- 5012 Bergen
- Phone:
- Email:
- Website:
- www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/styrta-engel/