Saft og syltetøy er laga av frukt og bær dyrka på gardane i området. Norddal er ein landbrukskommune med rike tradisjonar for å dyrke frukt og bær. Her ligg grenda Linge vakkert ned mot fjorden – ingen stad i verda blir det drive profesjonell fruktdyrking så langt nord, og eple, plomme og kirsebær frå Linge finn du i produkta våre.

I Valldal er det dyrka jordbær i over 100 år, og bygda er ein av dei viktigaste produsentane av jordbær til konservesindustrien i Noreg. Over 50 prosent av bæra som går til syltetøy og andre forbrukarprodukt, kjem frå Valldal.

Kom innom butikken vår i Gamle Syltegata, så byr vi på heimelaga is og oppkvikkande kaffi. Er du heldig, har vi ferske, belgiske vaflar på menyen også – eller norske vaflar med jordbærsyltetøy eller bringebærsyltetøy, naturlegvis!

Kontakt

Adresse:
  • Syltegata 15
  • 6210
  • Fjord
Telefon:
994 69 704
E-post:
post@valldalsafteri.no
Nettside:
valldalsafteri.no/

Hvor er Valldal Safteri?