Hopp til hovedinnhold

Langs Bygderunden – Fjellfolkets natur- og kultursti i Røldal – kjem du tettare på historia om dei som fann ein heim her – og om spora dei har etterlate seg i landskapet. Vandringa tek deg gjennom Røldal, der natur, kultur og arkitektur er vevd saman med livet i fjellbygda. Undervegs oppdagar du spor etter menneske som har levd, arbeidd, trudd, bygd og drøymt her gjennom generasjonar. Nokre er lette å få auge på. Andre må du stoppa opp for å leggja merke til.Kvar stad har si eiga forteljing. Saman gir dei eit glimt av korleis fjellfolket levde – og korleis bygda vart til.

Du kan gå ruta på eiga hand eller saman med lokal guide.

Visninger

Røldal (Røldal)
oktober 2026

09. oktober

07:00 - 23:00Bestill

Priser

Gratis:
Gratis

Kontakt

Adresse:
  • Kyrkjevegen 27
  • 5760 Røldal
Telefon:
95240842
E-post:
anne@hordatun.no
Nettside:
www.roldal.no
Bestill:
www.roldal.no/opplevingar/bygderunden

Hvor er Bygderunden i Røldal