I juli vert det folkemusikkonsert med hardingfelespelar Guro Bell Berge på kaia ved Hardanger fartøyvernsenter.
Kvar konsert varar kring 20 minutter og er inkludert i inngangsbilletten.
Speletider:
Veke 27:
Tysdag – torsdag + sundag, kl. 12:30, 13:30 og 14:30.
Veke 28 - 30:
Måndag - torsdag + sundag, kl. 12:30, 13:30 og 14:30.
Veke 31:
Måndag - torsdayg, kl. 12:30, 13:30 og 14:30.
Konsertane er arrangert av Hardingfela.no
Sidan 2016 har unge, lokale folkemusikarar vert sendt ut på vegen i bygdene våre for å syne folkemusikken og -dansen til lokalsamfunnet og turistar. Dei fleste konsertane er i dei ulike museumstuna til Hardanger og Voss museum.
Attåt å gje eit godt konserttilbod om sommaren så ynskjer me å gje våre unge utøvarar gode sommarjobbar og trening på formidling.