Byen vår Florø inviterer deg til å bli ein del av ei stemningsfull førjulstid, der vi saman skaper ein møteplass full av liv, latter og ekte julestemning. Her blir det mogleg å finne unike julegåver, smake på noko godt, møte kjende og oppleve aktivitetar som høyrer jula til.
Offisiell opning – søndag 29. november kl. 17.00
Rett etter at julegrana er tent, opnar vi dørene til julemarknaden i teltet til Våt Moro. Vi gler oss til å ønskje dykk velkomne til ei triveleg førjulsstund!
Bli med på juletrepyntekonkurransen!
Vi sparkar i gang julemarknaden med ein kreativ og morosam juletrepyntekonkurranse! Vi inviterer familiar, vennegjengar, bedrifter, lag og organisasjonar til å stille lag og kjempe om å lage det finaste, mest kreative eller mest originale juletreet.
Vi stiller med juletrea mens laga tek med pynten og kreativiteten! Trea skal stå ut heile julemarknaden og vere med på å skape ei flott juleutstilling i teltet.
Har de lyst til å vere med? Følg med, meir informasjon om påmelding og konkurransen kjem snart!
Salgsboder med unike gåver og gode smakar
Salgsbodene er snart fulle, men det er framleis nokre ledige plassar i enkelte periodar. Har du handverk, husflid, lokalmat eller andre spennande produkt du ønskjer å selje, er det framleis mogleg å bli med!
Her kan du finne alt frå personlege julegåver og flott handarbeid til freistande matvarer og andre lokale skattar.
Sjekk heimesida vår for oversikt over ledige periodar og meir informasjon om salgsbodene.
Utover vekene blir det sang og musikk og forskjellige aktiviteter for små og store. Sjå heimesida vår for meir informasjon om programmet!