Hopp til hovedinnhold

Det er i år 200 år sidan den organiserte masseutvandringa frå Noreg til USA tok til. Voss vart raskt ei av dei største utvandringsbygdene i landet, og truleg utvandra meir enn 7000 vossingar. Mange av desse markerte seg i USA. Eirik Helleve, styrar ved Voss folkemuseum, gav tidlegare i år ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. I dette foredraget vil han fortelja om ulike sider ved utvandringa, om nokre av dei som utmerka seg, og litt om det norske Amerika i dag. Han kjem til å konsentrera seg om Voss og vossingar, men han kjem nok òg til å kika mot Hardanger nokre gonger. Foredraget er rikt illustrert.

Visninger

10. desember:
14:00

Priser

Voksen:
NOK 100

Kontakt

Adresse:
  • Hardanger folkemuseum, Museumsvegen 36
  • 5778 Utne
Telefon:
+4790078277
E-post:
ingvild.hauso@ullensvang.kommune.no
Nettside:
hardangerfolkemuseum.no/

Hvor er Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA