I konsertsalen på Stord vidaregåande skule møtest tre røynde samfunnsstemmer med innsikt i Russland, Midt-Austen og Latin-Amerika.
Kva skjer når journalistar vert fengsla, når aktivistar vert truga, og når vanlege menneske ikkje lenger tør å seie meininga si?
Korleis heng ytringsfridom saman med demokrati og kvifor bør vi bry oss, også her på Stord?
Med oss denne kvelden er: Kåre Johan Mjør, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, forskar med særleg kompetanse på russisk idéhistorie, nasjonalisme og ytringsfridom; Einar Berntzen, professor emeritus ved Universitetet i Bergen, statsvitar med Latin-Amerika som spesialfelt; Thor Erik Sortland, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, sosialantropolog med forsking innan samfunnsfag, bærekraftig utdanning og antropologi.
Fri inngang.
Alle er velkomne til refleksjon, samtale og kanskje nye spørsmål.