Geirangerfjorden er ein av Norges mest besøkte attraksjonar og strekk seg 15 km mellom Hellesylt og Geiranger, i Stranda kommune. Den er nær 260 meter på det djupaste, mens fjella rundt strekk seg opp mot 1600-1700 meter over havet. Fråflytta gardar beliggande på fjellhyller høgt til værs langs dei stupbratte fjellsidene fortel historia om ei tid som var og om livet langs fjorden. Blant anna vil du her kunne sjå kjente gardar som Skageflå, Knivsflå, Blomberg, Matvik og Syltevik.
UNESCO
Den karakteristiske Geirangerfjorden representerar det vestnorske fjordlandskapet, saman med Nærøyfjorden, på UNESCOs verdensarvliste. Den uberørte naturen med dramatiske, høge fjell tett på, er imponerande for einkvar besøkende.
Fossefall og fjellgardar
Ved den fråflytta garden Knivsflå stuper heile sju fossefall ned i fjorden under. I snitt har dei eit fall på 250 meter, og er eit imponerande syn ved høg vassføring. Det er og vassføringa, som avhenger av snøsmelting og nedbørsforhold, som avgjer kor klart man kan sjå alle sju fossane. Dei er normalt størst i snøsmeltingsperioden mai til juli. Navnet ”De syv søstre” har dei fått sidan fossefalla på avstand minner om håret til sju kvinner. Fossen er danna av Knivsflåelvane, lengst inne i Geirangerfjorden.
”Friaren” er ein flaskeforma foss som ligg på andre sida av fjorden. Navnet har den fått etter sagnet om at ”Friaren” har lagt bak seg ei rekke mislukka friarforsøk på ”De syv søstrene”, som forblir ugifte. Ulukkelig skal han ha slått seg på flaska.
Den gamle gården Knivsflå ligg på ei fjellhylle like ved ”De syv søstre”. Garden gjekk for å vere den beste i si tid inne i Geirangerfjorden. Beliggande i solhellinga, vart det tidleg vår og gode beiteforhold. Garden var sjølvforsynt og hadde rikeleg med mat sjølv i dårlege tider. Men ulukker og død har prega menneska som bodde på garden. Terrenget er farleg, men det var rasfare som gjorde at Knivsflå vart fråflytta allereie i 1898. Det er muleg å reise til Knivsflå med båttaxi, og turen opp dit er ei flott oppleving.
Fosseråsa - Norges første nasjonale turiststi
Det spektakulære fossevandringsprosjektet i Geiranger er blitt ein stor attraksjon. Fosseråsa gir storslagen utsikt mot bratte fjell, mektige fossefall og en av de fineste fjordene på Vestlandet. Fosseråsa startar i Geiranger sentrum og tek deg opp 327 trappetrinn, platåer og utkikkspunkt til Norsk Fjordsenter. Kombinasjonen av den spennande arkitekturen tett på den buldrande Storfossen er ei oppleving. Vidare går den nye turiststien opp forbi Hotel Union og Westerås gard, før den fortsetter heilt opp til Storseterfossen. Den 30 meter høge fossen står i ein bue ut frå fjellet slik at ein kan gå under og bak fossen.
Beste måten å oppleve Geiranger på
- Norsk Fjordsenter - eit besøks- og formidlingssenter der du kan lære meir om vestnorsk fjordlandskap, korleis det vart skapt og om UNESCO verdensarvstatusen. Her vil du få mykje kunnskap, for heile familien.
- Den beste måten å oppleve Geirangerfjorden på er sjøvegen. Geiranger Fjordservice tilbyr 1,5 times rundtur med sightseeing i perioden mai til oktober. Det går og ferge flere ganger daglig fra Geiranger til Hellesylt heile året.
- Kva er ein fjord?
- Geiranger har mange unike utsikspunkt og opplevingar, planlegg opphaldet ditt med inspirasjon og tips her.