Fjell, fjord og utsyn
Sulafjellet reiser seg midt i kommunen og gir spektakulær utsikt i alle retningar – mot fjella på fastlandet, mot fjorden og heilt ut mot storhavet. Turen til toppen er ein klassikar på Sunnmøre, og passar for både små og store eventyrarar. Sula byr også på kyststiar, badeplassar og padleturar for deg som vil oppleve naturen frå fleire perspektiv.
Langevåg – småbyliv med særpreg
I Langevåg finn du ei levande sentrumskjerne med butikkar, kafear og lokale handverkarar. Her kan du handle ull frå Devoldfabrikken, besøkje galleri og museum, eller berre ta ein kaffi med utsikt over fjorden. Med båt eller bil er det berre nokre minutt til Ålesund – men stemninga i Langevåg har sitt heilt eige tempo.
Kultur, kvardag og kontrastar
Sula er kjend for musikkmiljøet sitt, og fleire av dei største artistane i landet har røter her. Her lever kystkulturen side om side med moderne bustadområde og barnevenlege nabolag – og med kort veg til både Ålesund og Sunnmørsnaturen, får du det beste frå begge verdener.