Det var den danske kongen Kong Christian Quart som på 1600-talet vedtok at det skulle byggjast gjestehus for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia. I dag er Bekkjarvik Gjestgiveri medlem av Historiske Hotell og Spisestader.

Vertskapet Asta og Øystein Johannessen driv staden i lag med sønene sine Arnt og Ørjan Johannessen. Dei kan stolt ynskje velkommen til bords med nokre av verdas og landets beste kokkar. Ørjan Johannessen tok nemlig gull i Bocuse d´Or Lyon 2015. Tvillingbroren Arnt blei same år kåra til året kjøkkensjef av Norges kokkmesteres Landsforening.

I Bekkjarvik finn du 3 gjestehamner og dei blei kåra til årets gjestehamn for tredje gong i 2021. Om sommaren kryr det av både småbåtar og seglbåtar, men små cruisebåtar og yachtar kjem også inn til Bekkjarvik.

Her får ein smak av ekte vestlandsk kystkultur og kysthistorie, men kan og få kjenne på ro og fred og nyte nokre rolige dagar i den vakre kystnaturen.

De finn mange fine turløyper rundt Bekkjarvik, i parken, langs kyststien og sherpatrappene opp til Kongsfjellet. Eller ta dykk ein sykkeltur rundt på øya, du kan leige deg sykkel på Intersport i Bekkjarvik Torg eller Fritid Lekeplass og idrettsanlegg.

I Bekkjarvik finn du fleire både små og større arrangement, konsertar, og utstillingar heile året.

Med hurtigbåttur frå Bergen er du her på ein kort time.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.