Hopp til hovedinnhold

Opplev den koselege, bilfrie øya Espevær utanfor Bømlo.

Hummarparken vart bygd i 1887 og restaurert i 1994. Den er eit unikt kulturminne. Hummarparken er landets største og er i dag museum og akvarium. Ein kan få guida omvising og flåtetur i hallen med frittgåande hummar om sommaren.

Baadehuset gjev eit innblikk i den tida då Espevær var ein viktig del av sildefisket. Historisk sett var nemleg Espevær det største fiskeværet på Bømlo, med opptil 30 000 fiskarar under storsildfisket i 1850-åra. Huset vart bygd i 1850 på gamle steinmurar frå 1690, og er i dag museum. Det er og butikk og kafé om sommaren.

UFO-ring og kabelferje

Espevær er kjent for «Ufo-ringen», som vart oppdaga i 1975 og som framleis er like tydeleg. Turistar kan gå tur på Espevær og sjå på "Ufo-ringen".

På Espevær kan du også reise med kabelferje.
Kabelferja er konstruert ved Mæhles mekaniske verkstad på Baadeholmen. I 1978 vart ferja sett i drift over det 45 meter breie sundet mellom Baadeholmen og Garvika. Kabelferja har myntautomat og kostar 20 kr pr veg, og turen tar cirka to minutt. Du kan bruke ferja heile døgnet, og det er plass til fire personar ombord.

Om sommaren har restauranten Gamleposten 5444 ope - ein serveringsstad med kortreiste smakar og gode historiar. 

Kommende arrangementer

visitsunnhordland

Følg oss:

  • Facebook

    Visit Sunnhordland

  • Instagram

    visitsunnhordland