Hopp til hovedinnhold

Ein heilt naturleg stoppestad når du kjem til Fitjar er butikken som ligg midt i sentrum, av dei lokale kalla «Larsen ved sjødn». Dette er opphavleg ein tradisjonsrik landhandel i fornya utgåve. Her er SPAR-butikk, multihandel, cafe, og du får mest tak i alt du treng. I tillegg til at det er eit veldig hyggjeleg og naturlig samlingspunkt i sentrum.

Like ved finn du gjestehamna Sjøsio Gjestehamn, med alle fascilitetar. Fitjar er svært populær blant båtturistar. Fitjar består av eit mylder av øyar og skjer med grunne sund og viker imellom. Fitjar sentrum med Sjøsio er ein naturleg stoppestad.

Fitjar Fjordhotell ligg i gåavstand til sentrumsgata. Overnatting, konferansefascilietar, søndagsbuffet, revytelt (sommar) og moglegheiter for å sjå sola gå ned i havet er noko av det som ventar deg her.

Fitjar turistinformasjon ligg midt i sentrum, saman med Engesund Visningssenter. Dei tilbyr både båttur, kunnskap og moro for heile familien – med utgangspunkt i sentrum og besøk på visningssenteret i Fitjarøyane.

Kultur og historie midt i sentrum
Midt i sentrum i Fitjar finn du både Fitjar kyrkje, rådhuset, Håkonarparken, galleri med utstillingar, og Fitjar kultur- og idrettsbygg. Bygget husar kinoen og er arena for både konsertar og andre arrangement. I sentrum er også startpunktet for kulturhistorisk løype, som er ein flott tur der du også kan fylle på med litt kunnskap om denne historiske staden.

Fitjar sentrum er også eit flott utgangspunkt for naturopplevingar og vandring i fjella – som ligg i nesten umiddelbar nærhet. I Midtfjellet vindpark er det kilometervis med turvegar, perfekt anten om du går, syklar, trillar, er rørslehemma – eller går på ski når det ligg snø. Herifrå kan du sjå både isbreen Folgefonna og (ved klart ver) sola gå ned i havet.

Kommende arrangementer

visitsunnhordland

Følg oss:

  • Facebook

    Visit Sunnhordland

  • Instagram

    visitsunnhordland