Landbruk og turisme er dei største næringsvegane i bygda. I Fjærland kjem du kloss på breane og her finn du óg Norsk Bremuseum, Den norske bokbyen, Brævasshytta, Fjærland Fjordstove Hotel, Nasjonalpark, Fjærlandsfjorden og Bøyaøyri naturreservat.

Sentrum i bygda, Mundal, har ein særprega atmosfære med Bokby, kunstgalleri og det gamle, ærverdige trehotellet, Hotel Mundal frå 1891. Det er som om tida har stoppa opp i Fjærland og ein kan verkeleg koble av frå dagleglivets stress og jag.

Den norske bokbyen ligg i Mundal og har fleire utsal i gamle fjøs, naust etc. og er open kvar dag frå mai til medio september. Nokre av utsala er kombinerte med kunstgalleri, suvenirbutikk og husflidutsal. Det er også høve til å kjøpe seg kaffi og heimebakst på Kaffistova, Bokbyens bokkafé.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.

Kva skjer i Fjærland?

Kvart år arrangeres Boknatta i Fjærland. Resten av året dukker det opp små og store arrangement som det er verdt å få med seg.