Hopp til hovedinnhold

Nyt småbyidyllen med sjarmerande kafear og fine butikkar i Strandgata, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. Bli med på ølsmaking på Kinn Bryggeri, besøk kystmuseet og utforsk den flotte kystnaturen.

Opplev skjergarden

Med øyane like varierte som dei er vakre kan du oppleve den flotte Skjergarden. Den lokale båten tar deg gjennom eit fantastisk landskap heile året. Leiter du etter ein fantastisk oppleving? Fottur på øya Askrova, Reksta og Skorpa vil gje deg ein spektakulær utsikt!

Sagaøya Kinn

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. La deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen. Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål heile året.

"Sunnfjords perle" Svanøy

Svanøy er det sørlegaste og frodigaste øya i Florø. Her finn du vakre Svanøy Hovedgård som gjennom tida har vore både adelssete og bispegods. Besøk Norsk Hjortesenter og få nærkontakt med hjorten. Kjekt for både liten og stor! Svanøy er kjent for å produsere hjort og laks av høg kvalitet.

Om sommaren kan du bli med på guida båttur til Svanøy og Kinn.

Ausevika Helleristningsfelt

Opplev eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyr- og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Ausevika ligg 40 minutt frå Florø by.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Florø

Kommende arrangementer