Førde er den største tettstaden i Sunnfjord, med rundt 10 000 innbyggarar, og er kjent som eit handelssenter i regionen. Elva Jølstra går gjennom sentrum i Førde og renn ut i Førdefjorden. Langs elva er det laga fleire fine sitjegrupper der ein kan sitte og nyte lyden frå elva. Midt i Førde ligg også Sunnfjordparken - ein aktivitetspark med 5000m2 med moro! Førde har også eit mangfaldig tilbod av restaurantar og kaféar for ein kvar smak

Kunst og Kultur

I Førde står kunst- og kulturlivet sterkt. Midt i byen ligg Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og kvart år i starten av juli vert Førde Internasjonale Folkemusikkfestival arrangert. I Movika ligg Sunnfjord Museum idyllisk til ved Movatnet, og tek deg med på ei stemningsfull reise tilbake i tid. Førde er heimbyen til kunstnaren Oddvar Torsheim, og på Sunnfjord Hotel kan du sjå mange av kunstverka hans som ein viktig del av utsmykkinga av hotellet.

Den Nasjonale Turistveg Gaularfjellet

Gaularfjellet er ein nasjonal turistveg som er rundt 114 km lang, og ein særs vakker veg med mykje å sjå. På vegen kan du komme nær Likholefossen, der det er blitt laga ei bru slik at du får oppleve fossen midt i vassdraget. Frå Gaularfjellet til Viksdalen kan du gå langs Fossestien, ein godt tilrettelagt tursti med 14 større fossar og 7 vatn. Ved utsiktspunktet "Utsikten", er det panorama utsikt over vegen og Vetlefjorden. Du får oppleve urørt natur og majestetiske fjell.

Huldefossen

Om du ønskjer å oppleve eit unikt naturfenomen bør du besøke Huldefossen ved Movika. Fossen har eit fall på rundt 90 meter. Det er ein majestetisk foss, og landskapet rundt komplimenterer fossen. Det er mogleg å gå nesten heilt bort til fossen, og kjenne på naturkreftene. Tidlegare vart fossen assosiert med naturmystikk, og det ordet passar bra til denne fossen med all sin kraft.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.