Hopp til hovedinnhold

I 2005 vart Geirangerfjorden, som ein del av Vestnorsk fjordlandskap, teken inn på UNESCOs verdsarvliste. Fjordlandskapet, med dei særeigne klimatiske og geologiske tilhøva, vert rekna som eitt av dei vakraste og mest fjordområda på kloden. I tillegg finn ein restar av eldre gardsbruk og stølar av stor kulturell verdi. Store delar av Geirangerfjorden og omegn er landskapsvernområde, og Noreg har også forplikta seg til å verne og ivareta verdsarvområdet for komande generasjonar.

Oppdag det ikoniske UNESCO verdsarvområdet Geiranger til fots, "til fjords", eller kvifor ikkje med ein snerten liten elektrisk Twizy-bil? Bestill gjerne eit fjordcruise eller ein guida tur til fots, med kajakk eller RIB, så får du ekstra godt utbytte av opphaldet ditt i denne bygda som har teke imot turistar sidan 1869 då det første turistskipet segla inn fjorden. Dei gjestfrie innbyggarane byrja allereie då med å frakte kongelege og andre turistar til utsiktspunkt med hest og kjerre, og seinare, med flotte, opne bilar. For hundre år sidan var det faktisk fleire bilar per innbyggar i Geiranger enn i New York, og nokre av bilane finst fortsatt i bygda.

Eit besøk på Norsk Fjordsenter gir deg innsikt i området både slik det var på den tida, og slik livet er no. Hugs at Ørnevegen til Geiranger frå Eidsdal er open heile året, og at alle årstider har sin sjarm frå den irrgrøne våren til det vinterlege kvite fjordlandskapet. 

Spektakulære utsiktspunkt

Geiranger kan smykke seg med fleire av dei mest spektakulære utsiktspunkta på vestlandet. Ørnesvingen passerar du på veg til eller frå Geiranger dersom du kjem bilvegen. Dei svingete vegane er ei oppleving i seg sjølv, men hugs å stoppe på utsiktspunktet og nyt utsikta. Frå sentrum kan du køyre vidare opp andre vegen mot Stryn. Her passerar du først Flydalsjuvet, og deretter kjem du heilt opp der du kan svinge av til Dalsnibba. Denne delen av vegen er stengd om vinteren. Vegen til Geiranger er del av Nasjonal Turistveg Geiranger-Trollstigen.

Opplev naturen til fots i Geiranger

Geiranger kan smykke seg med fleire av dei mest spektakulære utsiktspunkta på Vestlandet. Ørnesvingen passerar du på veg til eller frå Geiranger dersom du kjem bilvegen til/frå Eidsdal. Dei svingete vegane er ei oppleving i seg sjølv, men hugs å stoppe på utsiktspunktet og nyt utsikta. Frå sentrum kan du køyre vidare opp andre vegen mot Stryn. Her passerar du først Flydalsjuvet, og deretter kjem du heilt opp der du kan svinge av til Dalsnibba. Denne delen av vegen er stengd om vinteren. Vegen til Geiranger er del av Nasjonal Turistveg Geiranger-Trollstigen.

Fossar og fjord med båt

Du har sikkert høyrt om Dei sju systrene, Friaren og Brudesløret. Desse fossefalla opplever du best frå fjorden, enten du tek ferga med bilen mellom Geiranger og Hellesylt, eller med RIB eller kajakk. Geiranger Fjordservice tilbyr også turar med sightseeingbåt.

Korleis kjem du deg til Geiranger?

Vegen frå Eidsdal er open heile året, og ein kan kome hit med bil, buss eller båt. Merk at det er litt ulike tilbod på sommar og vinter, og det er lurt å planlegge på førehand. 
Fly -
Nærmaste flyplass er Ålesund Lufthamn Vigra (ca. 2,5 timar).
Buss -
offentleg transport på www.frammr.no.
Båt -
Frå Ålesund med Geiranger Fjordservice, også vintercruise. Hurtigruten og Havila Kystruten i sesong.
Ferge -
Nyheit frå 2022: heilårsferge mellom Geiranger og Hellesylt, www.frammr.no.


Ta og gjerne kontakt med turistinformasjonen i Geiranger eller Ålesund for meir informasjon.

Et merkeikon

Reiseinspirasjon

Har du sett bilde av vakre fjordar og majestetiske fjell, er det godt muleg at dei er frå Sunnmøre. Vakrare fjordar finn du ingen stad! Bli bergteken av Geirangerfjorden, plassen du berre må få med deg.

Kommende arrangementer

#visitalesund #geiranger

Følg oss på våre sosiale medier

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund