Hopp til hovedinnhold

Langs fjorden finn du veglause små samfunn. Trandal, kanskje mest kjend for instagrambiletet av den spektakulære dissa der du nærmast kan dingle med beina over fjorden ved Christian Gaard Bygdetun. Dei mange musikkfestivalane i bygda dreg også mange besøkande i tillegg til dei flotte fjellturane. Hit kan du kun kome sjøvegen med ferje frå Sæbø, Standal, eller med hurtigbåt eller skyssbåt.

Fjorden deler seg etterkvart i to, der den eine arma går til Bjørke, og den andre får namnet Norangsfjorden og strekk seg inn til Øye. Her passerar du Urke på vegen. I Norangsdalen, det trange dalføret mellom Øye og Hellesylt, ligg Lygnstøylsvatnet. På botnen av vatnet ser ein spor av husmurar etter eit stort ras som demma opp for elva og sette husa under vatn. Dette viser noko av den dramatiske historia til området.

På det sagnomsuste Hotel Union Øye får du høyre historier om både dalen, fjorden og hotellet, før du tek kveld på eitt av romma kalla opp etter fordums besøkande kongelege eller kjende personar. Sagafjord Hotel på Sæbø er også et flott utgangspunkt for turar i området, og langs fjorden er det fleire som tilbyr hytter. 

Fjella som omkransar fjorden, er eit ynda turmål, og her finn du kjende toppar som Slogen og Saksa. Lokale guideselskap kan ta deg med på turar til fjells, på sykkel, eller på fjorden i kajakk. Eller kva med å padle i ein kajakk med glasbotn på Lygnstøylsvatnet?

Korleis kjem du deg til Hjørundfjorden

Om sommaren går det hurtigbåt frå Ålesund til Øye med stopp undervegs på Trandal, Sæbø og Urke. Elles kan du reise med bil, og gjerne nyte vakre ferjeturar på fjorden mellom Ytre Standal, Trandal, Sæbø, Skår og Leknes. 

Det er flere måter å komme seg til området på både med buss, båt og egen bil. 
Det går buss til Ørsta, og korrespondanse vidare til Sæbø. Frå Sæbø kan ein ta ferje, hurtigbåt eller skyssbåt vidare. Skyssbåtane er som ein taxi på fjorden. 

Et merkeikon

Reiseinspirasjon

Hjørundfjorden ligg midt i smørauget, med kort veg til jugendstilbyen Ålesund, UNESCO Geirangerfjord og fugleøya Runde.

Kommende arrangementer

#visitalesund

Følg oss på våre sosiale media

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund